Startpage





download musicfile

På eiga jord
Doggfall i ein dal : dikt 1966.





PÅ EIGA JORD

To gubbar stod i trette
ein søndagsmorgon fin:
«Jau, det er mi jord, dette!»
«Nei, det er teigen   m i n ! »

Ein merkestein var flytta
i nattetid med slit.
Men inga trette nytta,
så RETTEN måtte dit.

Men han som steinen flytta,
var stø og hard på sitt.
Han stod så spøss og spytta:
«Dit bort går stykket   m i t t ! »

Han hadde rørt eit merke,
men svor med store ord:
«Ved Gud, den høge, sterke:
E g   s t å r   p å   e i g a   j o r d ! »

Men då han skulle flytte
for aller siste gong,
det kunne ikkje nytte
å vera spøss og fjong:

«Av jorda heime la eg
litt leir i mine skor.
På eiga jord   d e r   stod eg.
På   d e t t e   òg eg svor!»



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.